En felles melodi fra Lindesnes til Svalbard

Credit: Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Innlegget ble først publisert i Visit Fjordkysten & Sunnfjord – Bransjenytt (wordpress.com)

Ved inngangen til det nye året, gler eg meg over at nye sesongar av 'The Voice' og 'Kvar gong vi møtes' igjen rullar over skjermen. Sjølv om det er sjeldan eg tek meg tid til å setje meg ned framfor TV-en, har desse programma ei unik evne til å fange merksemda mi.

Dei musikalske opplevingane, som gir meg gåsehud og tårer av takksemd, strekkjer seg langt ut over det reint underhaldande. Dei rører ved noko djupare i meg og skapar rom for refleksjon: Kvifor er det ikkje alltid den vakraste songen, dei klåraste stemmene eller dei mest kraftfulle tonane som rører ved meg? Kva er det med musikken som på mange måtar utfordrar det typisk moderne narrative om konkurranse, verdi og suksess? Og ikkje minst, korleis kan vi trekkje lærdom av desse musikalske opplevingane?

Berekraftig reiseliv, lik musikkens reise, handlar om å synge frå hjartet. Ein må synge med den stemma ein har, og det hjelper ikkje å late som. Det er denne autentiske tilnærminga som skapar ei ekte forbinding mellom besøkande og lokalbefolkning. Som notar i reiselivet sin komposisjon har kvar aktør og kvar destinasjon si unike stemme, men saman skaper dei ein harmonisk heilskap.

Mi reise det siste året har gått gjennom Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Sunnfjord, og Kinn – eit landskap prega av kjærleik og omtanke for natur, kultur og menneske. Som Prosjektleiar for ‘Merket for Berekraftig Reisemål’ i Visit Fjordkysten og Sunnfjord har eg hatt gleda av å bli kjent med reiselivet og vore vitne til ei næring som er bevisst på si rolle i dei globale utfordringane, som er villig til å tilpasse seg nødvendige endringar, og vere ein aktivt bidragsytar til ei berekraftig framtid. Det er i dette varierte landskapet at symfonien av berekraftige reisemål tek form.

‘Merket for Berekraftig Reisemål’ fungerar som dirigenten i vår felles reise. Merket er ei ordning frå Innovasjon Norge som gir struktur og retning for å skape ein symfoni av berekraftige praksisar. Som eit felles språk for destinasjonsleiing og reisemålsstrategi gir merkeordninga oss verktøy og innhald for å harmonisere reiselivet lokalt og nasjonalt.

Destinasjonsselskapa spelar ei sentral rolle i å halde oppe tonen og retninga for ‘Merket for Berekraftig Reisemål’. Funn i ‘Utredning om destinasjonsselskaper i Norge’ (Epinion og Gyger, 2022) viser at prosessen med merket skapar betre samarbeid mellom ulike aktørar, men det er utfordrande å sikre tilstrekkeleg finansiering til oppfølging og det langsiktige arbeidet med berekraft. Likevel, gjennom samspel og samarbeid mellom alle aktørane, vil ein kunne møte desse utfordringane og halde symfonien av berekraftige reisemål levande. Denne reisa gjenspeglar ikkje berre eit ønske om å vere berekraftig, men òg ei forplikting til å orientere den lokale utviklinga etter den nasjonale reiselivsstrategien. I tillegg forankrar vi berekraftige initiativ i kommunale strategiar og planar, og søkjer å skape ei berekraftig utvikling i tråd med lokale mål.

I nasjonal samanheng sørger ‘Merket for Berekraftig Reisemål’ for at reisa frå Lindesnes til Svalbard ikkje berre blir ei geografisk ferd, men ein symfoni av ansvar, omsorg og ei felles forplikting til å bevare skjønnheita på reisemåla våre – Ein felles melodi for destinasjonar, besøkande og lokalsamfunn.

Rutt-Lovise Strand

Prosjektleiar for Merket for Berekraftig Reisemål

Visit Fjordkysten og Sunnfjord